Send inn tilleggsinformasjon
Ønsker du å sende inn
- tilleggsopplysningar
- bevis
- fullmakt
- mottakskvittering
i ei pågåande sak, ber vi om at du bruker vårt digitale skjema for tilleggsinformasjon som du finn i lenkja nedst på denne sida.
Allereie innsendte opplysningar og dokumentasjon er registrert på saka. Du treng derfor ikkje sende inn tidlegare innsendte opplysningar og dokumentasjon på nytt.
Ønsker du å sende inn bevis finn du mer informasjon om dette her.
Har du fått brev om retting?
Dersom du har mottatt brev frå oss om at klagen eller tilsvaret må rettast, kan du bruke skjemaet for tilleggsinformasjon. Der kan du legge inn etterspurt informasjon og dokumentasjon.
Innsending av dokumentasjon
I skjemaet for tilleggsinformasjon kan du laste opp inntil ti vedlegg. Vedlegga må vere i .docx-, .pdf-, .png-, .jpeg- eller .jpg-format.
Skal du sende inn mange vedlegg må du samle dei i ein fil før du kan laste dei opp. Dette kan du gjere ved å klippe og lime filene inn i et word-dokument. Deretter lagrar du word-dokumentet som ein PDF. Om du har PDF-redigeringsverktøy kan dette også gjerast direkte i Adobe.
Video- eller lydfilar
For å sende inn video- eller lydfilar må du først sende oss ei skriftleg forklaring på kva dei skal bevise og kvifor dei er viktige bevis. Husleigetvistutvalet gir deg beskjed om filane kan sendast inn.
Kontradiksjon
Det du sender inn blir oversendt motparten. Det er ditt ansvar å utelate eller sensurere opplysningar du ikkje vil dele med motparten.