Kontakt oss
Vi har stor saksinngang og du må dessverre rekne med lengre saksbehandlingstid enn normalt.
Har du fått vite at du er klaga inn, men ikkje høyrt noko frå oss?
Du vil få høve til å svare på klagen før Husleigetvistutvalet treff vedtak. Vi vil kontakte deg via digital postboks eller vanleg brev så snart klagen er sett i behandling. Takk for tolmodet!
For rask og sikker behandling, bruk dei digitale skjemaa våre. Vi har skjema for klage, tilsvar og andre meldingar i pågåande saker (tilleggsinformasjon). Dokumentasjon som blir sendt i ordinær postsending eller per e-post krev ekstra ressursar og vil kunne føre til lengre saksbehandlingstid. Vi ber deg derfor sende dokumenta dine éin gong og via skjemaløysinga vår.
Ønsker du å sjå skjema du allereie har sendt inn, kan du logge inn her. Vi ger merksam på at skjemaa dine er tilgjengelege i tre månader etter innsending.
Har du eit generelt spørsmål eller spørsmål om ei avslutta sak, kan du kontakte oss på e-post eller telefon. Du finn kontaktinformasjon heilt nedst på sida.
Send inn klage
Ønsker du å sende inn ein klage til oss kan du bruke det digitale klageskjemaet vårt. Før du sender inn ein klage er det viktig at du set deg inn i kva klagen bør innehalde. Vi anbefaler derfor at du les gjennom rettleiaren nedanfor, før du sender inn klagen.
Les meir om korleis du sender inn ein klageGå til klageskjemaetSend inn svar på ein klage
Har du mottatt ein klage er det viktig at du sender inn ditt svar på klagen (tilsvar), innan fristen. Tilsvaret er moglegheita du har til å svare på krava i klagen. Før du sender inn tilsvaret er det viktig at du set deg inn i kva tilsvaret bør innehalde. Vi anbefaler derfor at du lese gjennom rettleiaren nedanfor, før du sender inn tilsvaret.
Les meir om korleis du sender inn eit tilsvarGå til tilsvarsskjemaetSend inn ei melding i saka di
Ønsker du å sende inn
- tilleggsopplysingar
- bevis
- fullmakt
- mottakskvittering
i saka di, kan du bruke vårt digitale skjema for tilleggsinformasjon som du finn i lenka nedst på denne sida.
Allereie innsendte opplysningar og dokumentasjon er registrert på saka. Du treng erfor ikkje sende inn tidlegare innsendte opplysningar og dokumentasjon på nytt.
Før du sender inn bevis kan det vere lurt å sette seg inn i reglane for bevis. Vi anbefaler derfor at du les gjennom rettleiaren nedanfor, før du sender inn bevis.
Søk på vedtak hos Lovdata
På Lovdata sine nettsider får du gratis tilgang til eit breitt utvalg av våre avgjersler. Her kan du lese resultatet i saker som kan vere relevante for deg. Ver merksam på at det blir gjort ei konkret vurdering i kvar enkelt sak. Bruk søkeord som f.eks. "mugg", "oppsigelse", "heving", "leiefastsettelse", "depositum" osv.
Gå til LovdataKontaktinformasjon
postmottak@htu.no
Telefon 22 59 31 50
Opningstid på telefon er måndag, onsdag og fredag kl. 09.00-12.00. Tirsdag og torsdag er telefonen stengt.
Postadresse
Postboks 5118 Majorstuen
0302 Oslo
Organisasjonsnummer
982965691
Bankkonto
7694 05 19353