Vår telefontjeneste er stengt fra 24.12.2024 til og med 02.01.2025. Riktig god jul og godt nytt år!
Hopp til hovedinnhold

Dette er oss

Informasjon og rettleiing

I Husleigetvistutvalet går vi på jobb for å bidra til at leigemarknaden i Noreg skal fungere best mogleg.

Det gjer vi ved å styrke rettstryggleiken til leigetakarar og utleigarar, og vi gjer det på ulike måtar.

Ved å gi informasjon og rettleiing skal vi bidra til at du som leigetakar eller utleigar får kunnskap om kva som er dine rettar og plikter i leigeforholdet. Her på heimesida har vi forsøkt å få fram den informasjonen som gir svar på det vi veit at folk lurer på. Vi håper du sit igjen med ei kjensle av at vi har tenkt på deg når du les!

Informasjonen vår er objektiv slik at vi kan ivareta den nøytrale rolla som Husleigetvistutvalet skal ha overfor både utleigarar og leigetakarar.

Husleigetvistutvalet er ei statleg verksemd som behandlar tvistar mellom leigetakar og utleigar etter husleigelova.

Saksleiarane våre har spesialkompetanse innan husleigerett og sakene blir behandla etter reglane i Forskrift om husleigetvistutvalet .

Vi håper at vi med god informasjon og rettleiing kan bidra til at du unngår konflikt (det som hos oss blir kalla ei tvistesak). Skulle det likevel skje, er samfunnsoppdraget vårt å løyse saka raskt og billig - og med god kvalitet.

Mekling

Vi legg til rette for at saker kan løysast ved mekling. Fordelen med mekling er at partane i saka kan påverke korleis saka blir løyst. Ofte kan vi få det til raskt. Då sparar du tid og krefter, og kanskje også den bekymringa som kan kome av å ha ei pågåande ueinigheit.

I mekling kan vi også finne andre løysingar enn når vi avgjer saka gjennom vedtak. I dei sakene vi meklar, blir tre av fire saker løyste.

Det kan vere vel verdt å tenke ein ekstra gong på om mekling kan vere aktuelt for deg, sjølv om du kanskje i første omgang er skeptisk.

Om mekling

Avgjerd

Når saka blir avgjort gjennom eit vedtak, skjer det etter at begge partar har fått høve til å sende inn sitt syn på saka skriftleg. Dei aller fleste sakene vi avgjer, blir avslutta med endeleg verknad for partane og utan at saka går vidare til domstolane.

Om saksgangen

Digital kommunikasjon

Som eit lågterskeltilbod er det viktig for oss å bidra til ei god og effektiv behandling. Vi legg til rette for at vi kan kommunisere digitalt og enkelt. Det gjer det enklare også for deg, og det går raskare både for deg og oss.

Dersom du har behov for hjelp til å bruke dei digitale løysingane, håper vi du synst rettleiingane vi har laga gir deg god hjelp!

Om digital kommunikasjon i Husleigetvistutvalet

Så hyggeleg at du ville lese meir om oss!

Vi håper du vil finne deg til rette på heimesida og at du opplever verksemda vår som eit godt tilbod!