Vår telefontjeneste er stengt fra 24.12.2024 til og med 02.01.2025. Riktig god jul og godt nytt år!
Hopp til hovedinnhold

Treng du juridisk hjelp?

Generell rettleiing

Husleigetvistutvalet har ei nøytral rolle. Vi kan gi deg generell rettleiing om reglane i husleigelova og om saksbehandlinga hos oss. Du finn god informasjon på heimesida vår.

Les meir om rettane og pliktene dine Les meir om vanlege ueinigheiter Les meir om saksgangen i Husleietvistutvalget

Treng du juridisk rådgjeving?

Du må ta kontakt med nokon andre enn oss hvis du ønsker råd om kva du bør gjere, ei førebels vurdering av ei ueinigheit eller nokon til å representere deg. Nedanfor finn du ei oversikt over organisasjonar som kan gi deg juridiske råd. Nokre av desse organisasjonene gir gratis hjelp.

Vurderer du å få hjelp av ein advokat i ei sak hos oss?

I saker i Husleigetvistutvalet er det vanlege at partane sjølv sender inn informasjon. Det er få partar som blir representert av advokat. Det skal mykje til for at ein part blir dømt til å betale advokatkostnadane til motparten.

Oversikt

Huseiernes Landsforbund
Husleiernes Landsforbund er ein interesseorganisasjon for utleigarar, som tilbyr juridisk rådgjeving og bistand ved advokat.

Leieboerforeningen
Leieboerforeningen er ei landsdekkende foreining for leigetakarar, som tilbyr juridisk rådgjeving og bistand ved advokat.

Leieboerforeningen i Norge
Leieboerforeningen i Norge er ei landsdekkande foreining for leigetakarar, som har samarbeidsavtale med eit advokatfirma som kan tilby juridisk hjelp.

Boligmentoren
BoligMentoren er ein landsdekkande interesseorganisasjon for bustadeigarar, som tilbyr gratis rådgjeving og juridisk rettleiing til medlemmer i forbindelse med eigedom og bustad, deriblant utleige. BoligMentoren har også samarbeidsavtaler som gir medlemmar rabatt på advokathjelp.

Fri Rettshjelp
Fri rettshjelp er eit rettshjelpstilbod som er oppretta av det offentlege for å hjelpe personar med å kunne få nødvendig juridisk bistand uavhengig av økonomien til vedkomande. Staten kan, dersom bestemte vilkår er oppfylte, dekke nokre av advokatutgiftene dine. Alle advokatar kan søke om fri rettshjelp for deg.

Kontoret for Fri Rettshjelp
Fri rettshjelp er eit offentleg rettshjelpstilbod som blir drive av Oslo kommune med statleg tilskot.

Jussbuss
Jussbuss er eit rettshjelpstilbod drive av studentar som tilbyr gratis juridisk rådgjeving.

JURK, Juridisk Rådgivning for Kvinner
JURK er eit rettshjelpstilbod for kvinner drive av studentar som tilbyr gratis juridisk rådgjeving.

Jusshjelpa i Nord-Norge
Jusshjelpa i Nord-Norge er eit rettshjelpstilbod drive av studentar som tilbyr gratis juridisk rådgjeving.

Jussformidlingen
er eit rettshjelpstilbod drive av studentar som tilbyr gratis juridisk rådgjeving.

Legal Aid Trondheim
Legal Aid Trondheim er eit gratis rettshjelpstilbod etablert under Kirkens Bymisjon.

Forbrukerrådet
Forbrukerrådet er ein interesseorganisasjon for alle forbrukarar av varer og tenester i Noreg.

Bergen Huseierforening
Bergen Huseierforening er ein interesseorganisasjon for bustadeigarar og utleigarar. Foreininga gir råd og rettleiing til medlemmar i utleigesaker og andre bustadjuridiske saker.