Husleietvistutvalget opplever for tida høg saksinngang, og behandlingstida kan difor vere noko lengre enn vanleg. Takk for tolmodet.
Hopp til hovedinnhold

Bustaden er ikkje vaska ved innflytting

Er bustaden ikkje blitt vaska før innflytting?

Viss anna ikkje er avtalt, skal bustaden ved overlevering vere rydda, reingjort og i vanleg god stand.

Oppdagar leigetakar feil eller mangel, må han sende melding (reklamere) til utleigar. Leigetakar må reklamere innan rimeleg tid, vanlegvis innen 14 dagar. Reklamasjonen bør vere skriftleg, må opplyse om kva det blir klaga på, og at leigetakar krev retting av feilen. Leigetakar må gi reklamasjonen på ein forsvarleg måte og sikre bevis for at den er sendt.

Viss utleigar ikkje utbetrar mangel innan rimeleg tid, kan leigetakar vurdere å kreve avslag i husleiga eller erstatning. Er mangelen vesentleg, kan leigetakaren vurdere å heve leigeforholdet.

Viss leigetakar ikkje har reklamert eller har reklamert for seint, kan han ikkje kreve noko.

Husleigelova § 2-2 Husleigelova § 2-8

Vi bruker cookies for å forbedre nettopplevelsen. Ved å trykke aksepter godkjenner du at vi kan lagre dine data.

Les mer i vår personvernerklæring.