Vår telefontjeneste er stengt fra 24.12.2024 til og med 02.01.2025. Riktig god jul og godt nytt år!
Hopp til hovedinnhold

Leigetakar flyttar utan å levere tilbake nøklane

Person låser seg inn en dør med nøkler. Foto.

Har leigetakar flytta utan å levere tilbake nøklane til utleigar?

Viss leigetakar ikkje leverer tilbake nøklar ved slutten på leigeforholdet, og det er klart at leigetakar har flytta, kan utleigar skifte lås og krevje at leigetakar betalar utgifta.

Dette gjeld normalt også viss leietakar ikkje leverer tilbake alle nøklane, for eksempel fordi han har mista eit nøkkelsett. Viss leigetakar berre har mista nøkkelen til postkassa eller vaskeriet, er det tilstrekkeleg å bytte postkasselåsen eller slipe ny nøkkel til vaskeriet. Viss utleigar byttar lås, bør ho spare på kvitteringa eller fakturaen for utgifta hun har hatt.

Viss leigetakar i staden for å levere nøklane til utleigar fortset å ha nøklane og dermed tilgang til bustaden, kan det hende at leigetakar må betale husleige heilt til nøklane blir levert.

Husleigelova § 10-2 Husleigelova § 10-3