Leigetakar har sett igjen eigedelane sine
Har leigetakar sett igjen noko?
Viss leigetakar har sett igjen noko i bustaden, kan utleigar ta hand om dette og krevje at leigetakar betalar kostnadane. Utleigar kan for eksempel leige eit lager, og halde gjenstandane der fram til leigetakar betalar for lagerplassen og hentar eigedelane.
Utleigar må om mogleg, sende eit skriftleg varsel til leigetakar med oppmoding om å hente eigedelane.
Dersom kostnadane eller ulempene ved å oppbevare eigedelane blir for store, kan utleigar selge eigedelane. Utleigar kan også selge tinga viss leigetakar ventar lenge med å hente dei eller betale for oppbevaringa.
Utleigar kan kaste søppel og anna skrot som leigetakar etterlet. Det same gjeld eigedelar som må ein må rekne med har så liten verdi at salgssummen neppe ville dekt salskostnadane.
Husleigelova § 10-4Andre ueinigheiter som kan oppstå
Alle ueinigheiterRelaterte artiklar
Det løner seg å skrive protokoll ved innflytting og utflytting
Utleigar og leigetakar bør ha ein felles gjennomgang av bustaden både ved innflytting og utflytting, og fylle ut ein overtakingsprotokoll.
Når leigetakar nektar å flytte ut
Leigetakar er forplikta til å flytte når leigetida eller oppseiingstida er utløpt.
Erstatning for leigetap
Leigetap vil seie tapte leigeinntekter i ein periode der utleigar normalt kunne forventa å få inn leige. Utleigar kan ha krav på erstatning for leigetap.